Nybegynnartur


For dei som vil prøve kajakk under trygge forhold med instruktør


2-3 timar

0-8 km


Kvar onsdag frå veke 25-31


pris per person inkl. utstyr

590,-

Dagstur


Passar for alle som kjenner seg trygg på å padle ein heil dag. 


Rundt 8 timar

15-20 km


Kvar torsdag frå veke 25-31


pris per person inkl. utstyr

990,-


Grunnkurs


Alle som vil lære padling, redningsteknikk og anna nyttig. Gjev våttkort. Treng ingen forkunnskapar.


2 dagar(16t)


pris per person inkl. utstyr

2290,-


pris per person med eige utstyr

1890,-

Utleige av utstyr


Dersom du kan padle frå før kan du leige ustyr av oss. Me leiger på minimum 1 dag. 

Antall kajakkar

Pris*

1

495,-

2

795,-

3

1090,-

4

1390,-

5

1690,-

6

1990,-

*Ved leige av tørrdrakt kjem eit tillegg på 250 per drakt.

Hallingskeid - Osa 


17 juli


Meir info kjem snart


Pris og påmelding kjem over nyttår





Mjølfjell - Ulvik:

24 juli og 21 august

Gangtid ca 6 timer

Total tid ca 8 timer

Pris per person


Turen startar ved Mjølfjell stasjon på Bergensbana, 627 moh. Vi går opp gjennom Vesetetedalen til «Fadlet», som ligg på ca 900 meter. Der i frå går turen ned gjennom Tyssedalen til Ulvik. Vi føljer den gamle ruta for buføring mellom Ulvik og stølane i fjellet øvst i Raundalen. Med lokalkjend guide vert du merksam på spora etter dei som gjekk her før. Ikkje berre dei som førte dyr til og frå, men og dei endå eldre spora etter jegrane som for etter reinen for fleire tusen år sida.


Turen er omlag 15 kilometer lang, og går i variert fjellterreng. Stigninga er moderat, knappe 400 høgdemeter. Første del av turen går gjennom bjørkeskogen og opp på snaufjellet. På toppen av Fadlet er vert det ein god stopp. Her får vi oss ein forsmak på lokal mat og drikke frå Ulvik, og eit lite fordrag om næringsverksemda i fjellet før og no. Når så kropp og sjel har fått påfyll, tar vi fatt på den spektakulære vandringa ned Tyssedalen, ca 700 høgdemeter, ned til Sotnos, der det ventar transport til Brakanes, Ulvik.


Denne turen høver for dykk som er vant med litt ulendt terreng og lange turar, men som av og til ynskjer å oppleve meir enn berre naturen og vandringa. Den høver og for deg som ynskjer  å vere trygg på tur, i lag med ein god gjeng som tar vare på kvarandre. Guide på turen har solid dokumentert utdanning og erfaring, og kjenner terrenget godt. 


Pris og påmelding kjem over nyttår



Kulturhistorisk vandring



Copyright © Med enerett