Kulturhistorisk vandring frå Mjølfjell til Ulvik

Når?

21. August 2021

Dette er en klassisk tur fra Bergensbanen til Ulvik. Turen går gjennom landskap som har vært kulturhistorisk av story betydning for Ulvik.

Pris per deltaker: 1390,-

Transport: Togbillett er inkludert i prisen. Tranport fra turslutt må enten ordnes selv, eller bestilles fra Ulvik Taxi. Er du gjest ved Brakanes Hotell ordner de transport. Les mer her!

For pakketilbud med overnatting på Brakanes hotell se her!

Guidens beskrivelse:

Gangtid ca 6 timer

Total tid ca 8 timer


Turen startar ved Mjølfjell stasjon på Bergensbana, 627 moh. Vi går opp gjennom Vesetetedalen til «Fadlet», som ligg på ca 900 meter. Der i frå går turen ned gjennom Tyssedalen til Ulvik. Vi føljer den gamle ruta for buføring mellom Ulvik og stølane i fjellet øvst i Raundalen. Med lokalkjend guide vert du merksam på spora etter dei som gjekk her før. Ikkje berre dei som førte dyr til og frå, men og dei endå eldre spora etter jegrane som for etter reinen for fleire tusen år sida.
Turen er omlag 15 kilometer lang, og går i variert fjellterreng. Stigninga er moderat, knappe 400 høgdemeter. Første del av turen går gjennom bjørkeskogen og opp på snaufjellet. På toppen av Fadlet er vert det ein god stopp. Her får vi oss ein forsmak på lokal mat og drikke frå Ulvik, og eit lite fordrag om næringsverksemda i fjellet før og no. Når så kropp og sjel har fått påfyll, tar vi fatt på den spektakulære vandringa ned Tyssedalen, ca 700 høgdemeter, ned til Sotnos, der det ventar transport til Brakanes, Ulvik.
Denne turen høver for dykk som er vant med litt ulendt terreng og lange turar, men som av og til ynskjer å oppleve meir enn berre naturen og vandringa. Den høver og for deg som ynskjer  å vere trygg på tur, i lag med ein god gjeng som tar vare på kvarandre. Guide på turen har solid dokumentert utdanning og erfaring, og kjenner terrenget godt. 

%d bloggers like this: